BEVAR DEI REINE OG FISKERIKE NORSKE FJORDANE
Engebøsaka / Førdefjorden
Nordic Mining ASA har søkt om løyve til uttak av mineralet rutil i ope dagbrot i Engebøfjellet/ Vevring.
Rutil utgjer berre 3-5 %, resten av fjellet vert knust og det er søkt om å få dumpe dette som fleire hundre millionar tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden.
Dette tilsvarer 11 tonn pr. minutt, 24 timer i døgnet i 50 år.
Kjemikaliebruk; det er søkt om å sleppe ut kvart år i Førdefjorden m.a: 800 tonn svovelsyre, 720 tonn natriumsilikat, 720 tonn fosforsyre estere, 240 tonn karbinsyre og 15 tonn akrylamid.
HEILE avfallsmassen er mindre enn 0.4 mm! Og halvparten av den totale avfallsmassen er mindre enn 0.1 mm! Herav er 2000 tonn kvart år nanopartiklar som kan ha uante og svært miljøfarlege eigenskapar, som Tio2-nanopartilar som er svært toxiske for sjølevande organismar.
Dette er gigantiske mengder gruveavfall og kjemikaliar, men vi fryktar storstilt oppskalering av prosjektet dersom det vert gjeve løyve, som m.a. i Bøkfjorden.
Erfaringa syner at det er i ferd med å etablere seg ein praksis med å søkje dobling av utslepp etter at løyve er gjeve.
Aksjonar
14.4.2018 - Seminar i Førdehuset: Kva skjer med Førdefjorden?
arrangør Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
12.00-12.10 Velkommen!
12. 10-13.10 "Ditch Ocean dumping", v/ Ellen Moore, Earthworks, Washington.
13.15- 14.00 Status Nordic Mining - prosjektet og Førdefjorden.
Kva skjer med Førdefjorden? Anne-Line Thingnes Førsund og Jorunn Vallestad
14.00-14.15 Fiskesuppe
14.15-14.25 Den fantastiske fjorden, undervassfoto Erling Svensen.
14.25-14.45 Villaksen og verdien av ein rein fjord. Norske Lakseelver v/ Eiliv Erdal
14.50- 15.30 Perspektiv på gruveindustri Svein Lund, forfattar av "Gull, gråstein og Grums»
15.35-16.05 Gruvedrift og miljøomsyn i eit frihandelsperspektiv. v/ Mathilde Dahl, Attack.
16.10- 16.40 Kva er alternativa til gruvedumping i fjorden? v/Gaute Eitergjord, NU
Kulturinnslag i programmet v/ Jakob Wyrtz og Gunhild Daling Korsøen
Takk til alle som har medverkar og som kjem her i dag!
Ei særskild takk til dei som har fiska i fjorden til suppa!
LA FØRDEFJORDEN LEVE
Fotograf: Alf Vidar Snæland, Bergens Tidende i samband med fakkeltog i Førde og Oslo, februar 2015
Førde onsdag 30.november, Rådhusplassen
Kampen for Førdefjorden held fram. Den er ikkje avgjort...
Bli med i Fakkeltog for Førdefjorden!
Apellar, kultur og fiskesuppe inne i Viking etter toget.
Regjeringa gav i 2015 løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden.
Den 29.11.- 02.12 startar rettssakene mot 11 av aksjonistane som vinteren 2016 deltok i sivil ulydnad for å hindre irreversible miljøskader og for å ta vare på artsrike Førdefjorden, som verdifull natur og livsgrunnlag for framtida.
Saka om Førdefjorden har vekt stor internasjonal merksemd.
Bli med i fakkeltog, fjorden er for fisk, ikkje gruveavfall!
"Thi fisken i havet den er vores brød och mister vi hannem da lider vi nød." Petter Dass.
LA FØRDEFJORDEN LEVE!
29. november til 2. desember vert elleve av aksjonistane frå Engebøfjellet stillt for retten i Førde. Rettssakene skal avgjere skuld og kor store bøter dei skal få. Medan rettsakane pågår, ynskjer vi å vise solidaritet med aksjonistane og inviterer alle vener av ein levande Førdefjord til ei markering i Førde onsdag 30. november kl. 18.00
Arrangementet startar med fakkeltog fra Rådhusplassen til Viking. Etterpå vert det ei oppdatering om saka ved Anne-Line Thingnes Førsund (VFM), appellar ved Silje Ask Lundberg (leiar i NVF), Ingrid Skjoldvær (leiar i NU), Sametingsrådet (Runar Balto) m fl. Kulturinnslag ved Fridtjov Urdal, Einar Stray.
Det blir også servert varm fisksuppe.
Aksjonistane gjode ein stor innsats ved å vise motstand mot vedtaket til regjeringa, som vil føre til at Førdefjorden vert ein avfallsplass for gruveindustrien. Saka om Førdefjorden har vekt stor internasjonal merksemd.
Arrangør: Natur og Ungdom, Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Naturvernforbundet.
https://www.facebook.com/events/984926778278499/
La Førdefjorden leve! - Protestfest for fjorden
20. februar 2016, Vevring skule
I snart tre veker har aksjonistar hindra anleggsarbeidet til gruveselskapet Nordic Mining på Engebøfjellet med sivilt ulydige aksjonar. Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Natur og Ungdom inviterer til folkemøte og miniseminar der vi skal feire den reine fjorden og skue framover.
Program:
NATUR og UNGDOM lenker seg
Aksjonister arrestert og bøtelagt mot gruvedumping i Førdefjorden 2.2.2016
Markering utanfor STORTINGET, 29. Mars 2014
MOT SJØDEPONI AV GRUVEAVFALL I NORSKE FJORDER!!
Bilde - Galleri
MELDING: Film
«Kampen om Førdefjorden»
Det grønne skiftet, dokumentar (Neteland Productions 2019)
Premiere i Vevring 21. januar
https://www.facebook.com/netelandproduction/
2015 - WWF
Zurück in die Steinzeit? Minenskandal in Norwegen
THE GUARDIAN
Conservationists slam plans to dump mining waste into Norwegian fjord
www.fjordaksjonen.org