Om saka

BEVAR DEI REINE OG FISKERIKE NORSKE FJORDANE

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN

Om saka.

 

DAGBROT VED OG SJØDEPONI I FØRDEFJORDEN

 

2007

Nordic Mining ASA (NOM) skaffar seg rettane til mineralførekomstane i Engebøfjellet.

 

2008

Nordic Mining ASA søkte om løyve til å utvinne rutil i Engebøfjellet.

 

2011 NOVEMBER

Fiskeridirektoratet protesterer og fremmer motsegn mot planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

http://www.fiskeridir.no/fiske-og-fangst/aktuelt/2011/1111/utslipp-vil-faa-fatale-foelger-for-livet-i-fjorden

 

2012 MARS

Klima- og forureiningsdirektoratet rår Miljøverndepartementet til å utsetja avgjera om fjordeponi i Førdefjorden til det er utført undersøkingar av blant anna straumforhold.

 

2014 NOVEMBER

  • Miljødirektoratet frårår sjødeponi. Direktoratet la vekt på miljøfaglege omsyn, og frykta for at ein ikkje ville oppnå nasjonale mål for trua fiskarter. Etter en samla vurdering av fordelar og ulemper, gjekk direktoratet i april 2015 likevel inn for utsleppsløyve til prosjektet.

 

  • 60 selskap innan sjømat og reiseliv i området som produserer for 16 milliardar årleg gir eit rungande NEI til dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

 

  • Sjømat Norge (FHL) sender brev til regjeringa. Dei konkluderer med at ein ikkje må gje løyve til sjødeponi.

 

  • Førdefjorden frontar stort fotoprosjekt. Friends of the Earth lanserer prosjektet Keepers som portretterer viktige miljøkampar og miljøforkjemparar over heile Europa.

http://natures-keepers.org/portfolio/anne-line-thingnes-forsund/?id=59

 

2015 APRIL

  • Regjeringa godkjenner reguleringsplan og utsleppsløyve 17. april 2015. Det opnar for et sjødeponi på opptil 4,4 kvadratkilometer. Total deponeringsmasse er 250 millionar tonn. Utsleppsløyve omfattar også 1852 tonn prosesskjemikaliar i året. Moderniseringsdepartementet stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet gav løyve til sjødeponiet.

 

  • Vedtaket er klaga inn for Esa-domstolen av formannskapet i Førde, Miljøpartiet Dei Grøne og Naturvernforbundet.

 

Kjelder: Næringsdeparte¬mentet, Miljødirektoratet, Klima- og Miljødeparte¬mentet, NTB, wikipedia, nrk, Naturvernforbundet

 

Foto: Luka Tomac, Friends og the Earth

SVEIN LUND - BOK

Bok om gruver med kapittel om Førdefjordsaka. Mykje informasjon som de kan lese her. Forfattar Svein Lund.

Gull, gråstein og grums

– Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Frå 04.05.2015 legg vi her ut forord, innleiing og eitt av kapitla i denne boka. Vi har vald først å legge ut det som no er aller mest aktuelt, nemlig saka om rutilgruve i Naustdal i Sogn og Fjordane, med dumping av 300 millionar tonn gruveavgang til fjorden. 17.04.2015 ga regjeringa klarsignal for dette prosjektet, men motstandarane har ikkje gitt opp og har varsla bruk av både rettsvesen og aksjonar.

Her kan du lese litt av bakgrunnen for saka, kvifor denne har blitt så omstridd.

Nei til utslepp av gruveavfall i Førdefjorden fordi:

 

  • Utslepp av gruveavfall øydelegg økosystemet i Førdefjorden.
  • Andre næringar og tilknytta arbeidsplassar, innafor m.a. villaks, sjømat og reiseliv vert skadelidande.
  • Busetjingar langs fjorden i 4 kommunar vert forringa.
  • Førdefjorden er Nasjonal laksefjord. Dumping av gruveavfall og sprenging av fjellmassar uroar villaksen si vandring i fjorden.
  • Viktige gyteplassar for m.a. kysttorsk og kveite vert truga.
  • Utslepp av gruveavfall i fjord, bryt med intensjonen i m.a. Vanndirektivet og Naturmangfaldslova.
  • Berre tre land i verda i tillegg til Norge, har eksisterande sjødeponi: Papa New Guinea, Tyrkia og Indonesia. I desse landa, i motsetnad til i Noreg, skjer utsleppa på fleire tusen meters djup.
  • Omdøme, basert på dei kjølege, reine fjordane, kan verte skadelidande med konsekvensar for eksport av norsk fisk og sjømat.
  • Fagmiljø som Mattilsynet, NIFES, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, åtvarar mot konsekvensane og frårår tiltaket.
  • Fiskeridirektoratet har gjeve motsegn (innsigelse) til saka. Overnemde faginstansar, samt Svaldbarduniversitetet, DN og KLIF, har påpeikt manglande kunnskap om miljøkonsekvensar.
  • Førdefjordsaka vil ev. skape presendens for utslepp av gruveavfall også i andre fjordar.

 

Førdefjorden er den reine og fiskerike livsåra som strekkjer seg mellom byane Førde og Florø i Sunnfjord. Vesentleg næring er knytt til dei kjende lakseelvane Jølstra og Nausta inne i fjorden. I ytre del av fjorden er havbruk ei stor næring.

 

Busetjing og identitet i dei tradisjonsrike fiske- og landbruksbaserte fjordbygdene, er knytt til hausting av mat og inntekt frå fjord og natur. Førdefjorden representerer evige verdiar om den vert rett forvalta:

 

  • grunnlag for busetjing
  • sjømat, fiske og havbruk
  • villaks
  • landbruk, fiskarbønder
  • reiseliv
  • kunst og kultur

 

Dei vestnorske fjordane er ei internasjonal merkevare. Vestnorsk fjordlandskap fekk verdsarvstatus i 2005 og er kåra til beste reisemål i verda for 2. gong.

 

Reine fjordar er ein føresetnad for eksport av norsk sjømat. Berrre eit rykte om utslepp av gruveavfall i norske fjordar kan skade Noreg sitt omdøme, som ein av dei fremste sjømatnasjonane i verda.

Medlemskap

Støtt vårt arbeide ved å teikne medlemskap i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

Kontoinformasjon

 

Om du har noko på hjartet, lurer på noko eller ynskjer å gi organisasjonen ei gåve, send oss ein epost...

post@fjordaksjonen.org

 

 

Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe www.fjordaksjonen.org post@fjordaksjonen.org

 

www.facebook.com/Neitilgruveavfallinorskefjorder

 

fjordaksjonen © 2013-2016

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN