Førdefjorden

BEVAR DEI REINE OG FISKERIKE NORSKE FJORDANE

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN

 

Fiskerike Førdefjorden har:

 

laks, aure, kysttorsk, kveite, lyr, sei, hyse, lysing, kviting, sild, makrell, brisling, steinbit, breiflabb, brosme, lange, skate, flyndre, lusauer, rødfisk, rognkjeks, berggylt, havål, gullhå, svarthå

 

 

Skaldyr:

hummer, sjøkreps, krabbe og reker

 

Muslinger:

kamskjel, oskjel, blåskjel, knivskjel, hjerteskjel, kråkebollar, snegleartar

 

Fantastisk fjordfauna:

korallar, ei rekkje artar sjøanemoner og sjøplanter, tang og tareartar

 

Rødlisteartar:

elvemusling, ål, spisskate, blålange, pigghå, nise, spekkhoggar, havørn, hegre, oter, ålegressenger

 

Naturtypen fjord er på rødlista.

 

Førdefjorden er 36 km og er den lengste fjorden i Sunnfjord. Fjorden grenser i vest mot Stavfjorden og ender i aust ved Førde.

 

Førdefjorden er trong og forholdsvis urørt. Den framstår i dag som forholdsvis rein, sidan han ikkje er blitt påverka av forureinande industri slik til dømes Sognefjorden.

 

Førdefjorden er vedtatt som nasjonal laksefjord i 2007, av omsyn til laksebestanden i lakseelvane Nausta og Jølstra som munnar ut i Førdefjorden. Nausta er det vassdraget i Sogn og Fjordane der det vert fiska flest laks og er vedtatt som nasjonal laksevassdrag.

 

Miljøvernmyndigheitene har utarbeidd eit ”Beskyttelsesregime for nasjonale laksevassdrag og laksefjordar” som skal sikre villaksen særlig beskyttelse.

 

Det er bl.a. lagt til grunn at verksemd med risiko for alvorleg forureining ikkje skal være tillate. Vurdering av ein forureiningsrisiko vil ta utgangspunkt i formaliserte miljørisikoanalysar, der særlig sannsynet for utslepp (utsleppsfrekvens), utsleppets omfang og konsekvensane for villaksen (tilstadevering, eksponering, skadeomfang og restitusjonstid) vil stå sentralt. Det må også takast omsyn til manglande kunnskap, for eksempel om langsiktige konsekvensar av eit utslepp for villaksen. Føre-var-prinsippet skal derfor leggast til grunn ved manglande kunnskap.

 

Kjelde:

 

www.regjeringen.no

 

www.naturvernforbundet.no

 

 

Førdefjorden

 

Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe www.fjordaksjonen.org post@fjordaksjonen.org

 

www.facebook.com/Neitilgruveavfallinorskefjorder

 

fjordaksjonen © 2013-2016

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN