Føresegner

BEVAR DEI REINE OG FISKERIKE NORSKE FJORDANE

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN

Om oss > føresegner

Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe har som føremål å:

 

§1.Føremål

 

  • skaffe fram og spreie opplysningar om helse- og miljømessige konsekvensar ved bergverksdrift i Engebøfjellet
  • arbeide imot eit ope dagbrot
  • arbeide imot deponering av avfallsmasse i Førdefjorden og andre typar ureiningar som til dømes støy og støv
  • bevare natur og miljø i bygdene langs Førdefjorden
  • ta vare på og fremje eit levande bygdesamfunn
  • arbeide for at eksisterande busetnad ikkje vert råka på nokon måte

 

§2.Medlemskap

 

  • Alle over 16 år, og som vil fremje føremålet til Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, kan verte medlemmar.
  • Medlemskontingent vert fastsett av årsmøte.

 

§3.Årsmøte

 

  • Årsmøte er Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe sitt høgste organ.
  • Årsmøte skal haldast i fyrste kvartal - og skal vere godt kunngjort minst 14 dagar føreåt. Ekstraordinært årsmøte kan haldast når minst 1/3 av medlemmane eller styret krev det.
  • Årsmøte vel leiar og 4-8 styremedlemmar, alle for eitt år om gongen. Ved val av styre bør det takast geografisk omsyn. Talet vert fastsett av årsmøtet.
  • Årsmøte kan velje inntil 3 vara.
  • Alle medlemmar har røysterett på årsmøtet.

 

§4.Arbeidsutvalet

 

  • Styret kan velje seg imellom eit arbeidsutval.
  • Arbeidsutvalet skal då ta seg av den daglege drifta til Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

 

Styret i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe