Start

BEVAR DEI REINE OG FISKERIKE NORSKE FJORDANE

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN

 

Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe www.fjordaksjonen.org post@fjordaksjonen.org

 

www.facebook.com/Neitilgruveavfallinorskefjorder

 

fjordaksjonen © 2013-2016

AKTUELL AKSJON: Fakkeltog i Førde og Oslo, onsdag 30.11.2016

Fotograf: Alf Vidar Snæland, Bergens Tidende i samband med fakkeltog i februar 2015

Førde onsdag 30.november, kl 18.00 på Rådhusplassen

 

Kampen for Førdefjorden held fram. Den er ikkje avgjort...

Bli med i Fakkeltog for Førdefjorden!

Apellar, kultur og fiskesuppe inne i Viking etter toget.

 

Regjeringa gav i 2015 løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden.

Den 29.11.- 02.12 startar rettssakene mot 11 av aksjonistane som vinteren 2016 deltok i sivil ulydnad for å hindre irreversible miljøskader og for å ta vare på artsrike Førdefjorden, som verdifull natur og livsgrunnlag for framtida.

Saka om Førdefjorden har vekt stor internasjonal merksemd.

Bli med i fakkeltog, fjorden er for fisk, ikkje gruveavfall!

"Thi fisken i havet den er vores brød och mister vi hannem da lider vi nød." Petter Dass.

LA FØRDEFJORDEN LEVE!

 

29. november til 2. desember vert elleve av aksjonistane frå Engebøfjellet stillt for retten i Førde. Rettssakene skal avgjere skuld og kor store bøter dei skal få. Medan rettsakane pågår, ynskjer vi å vise solidaritet med aksjonistane og inviterer alle vener av ein levande Førdefjord til ei markering i Førde onsdag 30. november kl. 18.00

 

Arrangementet startar med fakkeltog fra Rådhusplassen til Viking. Etterpå vert det ei oppdatering om saka ved Anne-Line Thingnes Førsund (VFM), appellar ved Silje Ask Lundberg (leiar i NVF), Ingrid Skjoldvær (leiar i NU), Sametingsrådet (Runar Balto) m fl. Kulturinnslag ved Fridtjov Urdal, Einar Stray.

Det blir også servert varm fisksuppe.

 

Aksjonistane gjode ein stor innsats ved å vise motstand mot vedtaket til regjeringa, som vil føre til at Førdefjorden vert ein avfallsplass for gruveindustrien. Saka om Førdefjorden har vekt stor internasjonal merksemd.

 

Arrangør: Natur og Ungdom, Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Naturvernforbundet.

https://www.facebook.com/events/984926778278499/

 

Bakgrunn:

Nordic Mining fekk i 2015 løyve til å starte gruvedrift frå Engebøfjellet og til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden. I februr i år aksjonerte 300 personar frå heile landet mot prøveboringane til selskapet, for å verne naturen mot det miljøfiendtlege prosjektet. Slike ikkjevaldelege aksjonar vert nytta som eit siste verkemiddel, der aksjonistane meiner det er rett å bryte lova for å redde fjorden.

OSLO onsdag 30. november, kl. 18.00 Eidsvoll plass

 

Nordic Mining fikk i 2015 tillatelse til å starte gruvedrift fra Engebøfjellet i Sogn og Fjordane, og til å dumpe 250 millioner tonn gruveslam i Førdefjorden. I februar aksjonerte folk fra hele landet mot gruven sine prøveboringer – for å beskytte naturen mot det miljøfiendtlige prosjektet.

 

I løpet av tre uker aksjonerte over 100 personer sivilt ulydig mot prosjektet. Ikke-voldelig sivil ulydighet brukes til et ytterste virkemiddel i saken, der aksjonistene mener det er mer riktig å bryte loven for å redde fjorden. Aksjonistene gjorde en stor innsats for å vise motstand mot regjeringens vedtak om å gjøre Førdefjorden om til en avfallsplass for gruveindustrien.

 

29. november til 2. desember stilles 11 av disse aksjonistene for retten i Førde. Natur og Ungdom ønsker å vise solidaritet med aksjonistene og inviterer til en markering i Oslo med fakkeltog og appeller.

 

Appellanter:

Heikki Holmås - Stortingsrepresentant for SV

Inger Fure Grøtting - Fra Sunnfjord

Gina Gylver - Oslo Natur og ungdom

Gaute Eiterjord - Aksjonist og nestleder i Natur og Ungdom

 

Kampen for en rein Førdefjord er langt fra over!

Møt opp på Eidsvoll plass den 30. november!

https://www.facebook.com/events/625053917674117/

 

La Førdefjorden leve! - Protestfest for fjorden

20. februar 2016

kl 15.00 til 18.00

Vevring skule

I snart tre veker har aksjonistar hindra anleggsarbeidet til gruveselskapet Nordic Mining på Engebøfjellet med sivilt ulydige aksjonar. Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Natur og Ungdom inviterer til folkemøte og miniseminar der vi skal feire den reine fjorden og skue framover.

Program:

  • Ingrid Skjoldvær, Natur og Ungdom: Målet med aksjonane, kva er oppnådd?
  • Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Naturvernforbundet: Kampen for Førdefjorden. Status. Kva gjer vi vidare?
  • Robbie Blake, Friends of the Earth Europe:
  • Kva betyr Norske fjordar for verdssamfunnet? Korleis vil den internasjonale miljørørsla setje fokus på Førdefjordkampen?
  • Appellar
  • Kulturinnslag
  • Fiskesuppe og annan smak frå Førdefjorden.

 

Engebøsaka / Førdefjorden

 

Nordic Mining ASA har søkt om løyve til uttak av mineralet rutil i ope dagbrot i Engebøfjellet/ Vevring.

 

Rutil utgjer berre 3-5 %, resten av fjellet vert knust og det er søkt om å få dumpe dette som fleire hundre millionar tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden.

 

Dette tilsvarer 11 tonn pr. minutt, 24 timer i døgnet i 50 år.

 

Kjemikaliebruk; det er søkt om å sleppe ut kvart år i Førdefjorden m.a: 800 tonn svovelsyre, 720 tonn natriumsilikat, 720 tonn fosforsyre estere, 240 tonn karbinsyre og 15 tonn akrylamid.

 

HEILE avfallsmassen er mindre enn 0.4 mm! Og halvparten av den totale avfallsmassen er mindre enn 0.1 mm! Herav er 2000 tonn kvart år nanopartiklar som kan ha uante og svært miljøfarlege eigenskapar, som Tio2-nanopartilar som er svært toxiske for sjølevande organismar.

 

Dette er gigantiske mengder gruveavfall og kjemikaliar, men vi fryktar storstilt oppskalering av prosjektet dersom det vert gjeve løyve, som m.a. i Bøkfjorden.

 

Erfaringa syner at det er i ferd med å etablere seg ein praksis med å søkje dobling av utslepp etter at løyve er gjeve.

tidligare AKSJONAR - utklipp

Markering utenfor Stortinget: Redd Førdefjorden!

26.5.2015, Eidsvolls plass i Oslo, Norway

 

17. april sa regjeringen ja til å dumpe 250 millioner tonn gruveslam i Førdefjorden, en av de reneste fjordene langs kysten, fiskerik gytefjord og nasjonal laksefjord.

Vedtaket har skapt internasjonal oppmerksomhet og stor motstand over hele landet.

 

Nå behandles et forslag om å ta saken opp til behandling i Stortinget. Enten du er fra Vestlandet eller Oslo: Bli med og vis din motstand! Møt opp!

 

Regjeringsvedtaket om Førdefjorden har skapt internasjonal oppmerksomhet og stor motstand over hele landet.

 

Initiativtakere til arrangmentet er Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

Markeringen er støttet av: Greenpeace Norge, WWF-Norge, Unge Venstre, Sosialistisk Ungdom, KrFU, Grønn Ungdom, Rød Ungdom, Spire, AUF og Sogn og Fjordane Senterungdom.

 

Kjære venner!

Bli medlem i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe / betal

kontingent for 2017!

Støtt arbeidet mot ope dagbrot i den levande, internasjonalt kjende Kunstbygda Vevring - og- mot dumping av fleire hundre millionar tonn gruveslam og hundretusenvis tonn kjemikalier rett i Førdefjorden! .17.4.2015 har regjeringa godkjent fjorddeponi. Vi fortset kampen mot øydelegging av Førdefjorden. Saka har fått stor nasjonal og internasjonal merksemd.

Kontoopplysninger her.

Gåver vert også mottekne med takk - vi treng midlar til arbeidet :-)

Nei til gruveavfall i norske fjorder

 

Markering utanfor STORTINGET, 29. Mars 2014, MOT SJØDEPONI AV GRUVEAVFALL I NORSKE FJORDER!!

 

Støtt vårt arbeide ved å teikne medlemskap i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe. Kontoinformasjon

 

Om du har noko på hjartet, lurer på noko eller ynskjer å gi organisasjonen ei gåve, send oss ein epost...

post@fjordaksjonen.org

 

FJORDAKSJONENFJORDAKSJONEN